A professional wrestler at Sunnhordland????
This beginning part is really funny though. One of the activities the guys did was wrestling. In the paper here it says, "Idar Fardal is a professional wrestler, and has competed in 7 countries. But today he went agaisnt the children on Halsnøy." ......Idar is a student here, NOT a professional wrestler. But to make this even funnier, the guy in charge of norways wrestling circuit e-mail the school saying he was suprised to read this in the paper cuz he had never heard of Idar but he would really like it if Idar would contact him so they can work together. LOL!!! This guy was serious!!! We all had a huge laugh about this during dinner today. How the paper got that idar was a professional wrestler, i dont know. But this is sure funny!!
Here is the article...
Fribrytande og open skule
Men etter kvart fann vasskrigarane ut at brytarane ikkje var så farlege likevel. Etter ein liten halvtime måtte Fardal og Hunstad be om pause, totalt utslitne.
Liten kontakt
Bygging av gapahuk, diverse uteleikar, ansiktsmåling, eventyrstund, barnedans, moderne- og improvisasjonsdans, organisert vasskrig, stikkball, teikne/måle til musikk, potettrykk, ballongmåling med dartpiler, wrestling, rockeverkstad, twister, lydverkstad (lage sprø/morosame lyder), karaoke, innspeling i studio og teaterframsyning for born var noko av det elevane ved folkehøgskulen baud fram til dei som kom. Aktivitetane var primært retta mot skuleborn frå 1. til 10. klasse.
– Me håpar å skapa eit lite lyspunkt. Me gjer dette for innbyggjarane rundt oss, for å visa kva me driv med, men og for å få nyttige innspel, forklarar Ilse Håbjørg frå Trondheim. Ho sit ved påmeldingsskranken og har ikkje fått talt opp enno. Men ho reknar med at minst 60 ungar var med på ulike aktivitetar.
Organisert vasskrig
– Me likar oss veldig godt her, men held oss stort sett på skulen og dei fleste av oss har liten kontakt med halsnøybuane. Men no er det vår, og me vil nok verta meir synlege ute blant folk, trur Kine Strøm Braaten frå Kongsberg.
Det var nok flest som deltok på vasskrig. Væpna med vassballongar skulle laga hente flagget som stod på motsett side av fotballbanen.
- Moro, slår Mats Johan Eriksen fast. Han var på open dag i fjor og, og han visste det var kjekt, men likevel var det så vidt han hadde tid til å prioritera å gå.
– Kva er alternativet?
– Spenna fotball, svarar 14-åringen med Solskjær-drakt. Så stappar han i seg ei pølse og er klar for ny krig – mot dei utslitne og mistenkjeleg dårleg trena fribrytarane.
Magne KydlanD
magnesunnhordland.no